Bobilferie Sogn og Fjordane
Bobilferie Aurland og Lærdal
Bobilferie Norge. Utsiktspunkt – Stegastein
Til utsikten er vegen open heile året og her er bobilparkeringsplassar og toalett. For å få panoramautsikt over fjord, dalar og bygder må du høgt opp! Enten du går til fots eller køyrer bobil, er det vel verdt turen. For oppe i fjellsidene ventar dei mange og storslåtte utsiktpunkta.
På Aurlandsvegen, høgfjellsvegen mellom Aurland og Lærdal er det fleire flotte utsiktspunkt med Stegastein, 6 km frå Aurland sentrum og 35 km frå Lærdal sentrum, som høgdepunkt. Stegastein er ei spennande utforma panoramautsiktsplattform som ligg 650 m.o.h.

Fjelltoppen Prest og fjordutsiktpunkt finn du like ved Aurlandsvegen. Stien startar ca 10 km frå Aurland sentrum på vegen til Lærdal. Likar du å gå bratt, tar du stien heilt opp til Prestevarden (1363 m.o.h). Ønskjer du ein kortare tur, er det ein lett tur i ca. 15 min. til fantastisk utsikt over fjorden.
Andre utsiktspunkt i Aurland-Flåm-Lærdal er: Lovisberget – 16 km frå Aurland mot Hol (RV50), Vatnahalsen – på toppen av Flåmsbana, Stalheim – 12 km frå Gudvangen mot Voss (E16) og Hedler – 1 km frå Lærdal sentrum ved Lærdalsfjorden